Profil: Katrin Berge

KatrinBerge_foto

Vi har forelsket oss i Katrin Berges fortryllende, mørke og vakre kunst. Med papir og tegneredskaper, lager hun de vakreste illustrasjoner med dyr, mennesker og natur i skjønn forening. Vi har tatt en prat med Katrin, og fått et lite innblikk i hennes kunstnerhverdag.

 

Hvem er du og hva driver du med?
Eg er ein 32 år gammal illustratør og billedkunstnar frå Herøy i Møre og Romsdal, men har budd i Bergen sidan 2004 og trives veldig godt her saman med kjæresten min, Alexander von Mehren, som er musiker og nyleg gav ut si første plate “Aéropop”. Eg har jobba frilans som illustratør sidan eg gjorde ferdig ein master i visuell kommunikasjon ved Kunst- og Designhøgskolen i Bergen våren 2010. Eg har hatt oppdrag for blant andre Bergens Tidende, Universitetet i Bergen og Designbyrået ELLE mELLE med illustrasjonar for ny visuell profil til Storfjord Hotell, og har designa CD-cover til det franske bandet Orwell og LP-cover til bergensartisten Chris Holm. Det siste eg har gjort er å illustrere femten heilsider til billedboka “DYREBAR” med tekst av prisbelønte forfattar Mette Karlsvik utgitt på Magikon forlag i mars i år. Boka fekk nyleg ein strålande anmeldelse i Hamar Arbeiderblad! I tillegg til illustrering driver eg også med salg av digitale reproduksjonar av teikningane mine og sel desse i nettbutikken min på Epla.no.

Hvordan ser en typisk dag ut i ditt liv?
Eg likar ein mjuk start på dagen kor eg gjerne har sovet så lenge som kroppen vil, står opp og sjekker været ute og planlegger dagens gjeremål. Eg ser deretter om det er noko nytt på verdensveven og svarar på e-postar før eg etter kvart kjenner at matlysta kjem smygande og eg kan lage meg ein skikkeleg frukost med ein kopp oppkvikkande kvit te. Så går eg ut. Sidan eg er mest kreativ og arbeidsom med kunsten på kveldstid liker eg å legge sosiale ting til dagtid viss eg kan, og da går eg gjerne ut og treffer folk og løper ærend og får litt D-vitamin og dagslys i samme slengen. Når ettermiddagen og kvelden kjem begynner eg å komme i modus for å jobbe med teikning, og då set eg gjerne på musikk som hjelper meg endå meir med å kome i rett sinnsstemning for å jobbe med det kreative. Og tida går altfor fort når ein først er i gang!

Når trives du aller best?
Eg trives aller best når eg har tid og overskudd til å sette meg ned og jobbe med teikning og har ein heil kveld disponibel til dette, og gjerne mange dagar i strekk. Ofte er det fleire ting som kjem i vegen for at ein kan fokusere på det kunstneriske, det fyl med det å vere sjølvstendig næringsdrivande og å ha fleire ballar i lufta. Men når eg først har gjort unna alle praktiske gjeremål kan eg tre inn i bobla mi, den andre verda, og begynne å teikne det som rører seg i hovudet mitt. Ofte føler eg det går for lang tid mellom kvar gong eg får jobba ordentlig med teikning, og når eg først får sette meg ned og berre teikne er det som ein lettelse, det er som å finne tilbake til ein bit av meg sjølv som har vore borte ei stund. Eg må vere utkvilt og mett, og det er viktig for meg å kome meg på fjellet eller gjere yoga. Ein stivnar veldig av å sitte så mykje å teikne, og det er ikkje lett å vere kreativ og tolmodig med vond rygg eller stiv nakke! Eg les bøker og finn inspirasjon i dei, og eg reiser heim til barndomsheimen min på Møre så ofte eg kan, kor eg finn roa og kan reflektere over livet i barndomens gamle trakter. Når eg så kjem tilbake til Bergen er eg fyllt opp av ny motivasjon og energi, men også litt vemod over nok ein gong å har reist frå familien der heime.

Hvilke fordeler/gleder ser du i å være din egen arbeidsgiver/drive egen bedrift?
Fordelen ved å vere sin eigen sjef er det å kunne strukturere dagen etter eige ønske. Etter fire år som sjølvstendig næringsdrivande har eg funne ei grei rutine på alt det administrative og har grei oversikt. Eg har ikkje regnskapsfører, og det tek sjølvsagt litt tid å få unna regnskapet, men det meste blir vaner til slutt. Det er godt å kjenne at ein kan mestre tall og regningar, og ikkje føle seg fortapt på dette området. Det er ei tryggheit i det å ha litt kontroll på det administrative og økonomiske, sjølv om eg sjølvsagt skulle ønske eg kunne bruke all tid på kunsten min.

Hvilke ulemper/bekymringer ser du i å være din egen arbeidsgiver/drive egen bedrift?
Bekymringa er at det administrative og arbeidet med å få inn nok pengar til å betale regningar tek over dyrebar tid som eg kunne ha brukt på å teikne og illustrere. Det er også litt for lett av og til å utsette det ein burde ha gjort ved å begynne å rydde og sortere ei bokhylle eller ei skuffe. Dette er ulempen ved å ha kontor heime, men samstundes elskar eg å kunne legge meg ned på golvet og ta ein lang strekk, eller dra fram yogamatta utan å få rare blikk.

Hva er den største utfordringen du står ovenfor?
Det er vel nok det å greie å leve utelukkande av kunsten og illustrasjonsoppdrag. Ved siden av arbeidet med kunsten har eg ei deltidsstilling i bokhandel, og det fine ved å jobbe der er at ein får masse inspirasjon av bøker og folk som ein kjem i snakk med. Eg skulle gjerne hatt råd til å spare til eiga leilighet, men det er vanskelig når ein skal betale ned studielån, husleie og andre månadlege utgifter som må dekkast, og eg samtidig gjerne vil ha nok tid til å teikne. Livet er ikkje lett alltid når det kjem til pengar, men eg skal ikkje klage så lenge eg er frisk og faktisk kan jobbe og tjene desse pengane.

Hva er din viktigste prioritet akkurat nå?
Det er å finne tid til å jobbe med mi første separatutstilling! Det er noko eg har drømt om lenge. Eg er utdanna illustratør, men billedkunstnaren i meg har alltid vore med i alt eg gjer. Så no ser eg fram til å jobbe med ein serie illustrasjonar under eit tematikk som er litt hemmeleg foreløpig, men eg kan trygt seie at det ligg i det samme visuelle landskapet som eg alltid har befunne meg i – naturen, dyra og menneska – ei utømmeleg kjelde til inspirasjon. Eg håpar å få til ei separatutstilling i Bergen i utgangen av 2015.

Hva er det beste rådet du har fått (og fulgt)?
Det beste rådet eg har fått og som eg fulgte var av billedkunstnaren Erling Valtyrson. I 2008 var eg midt i eit krevande masterprosjekt og drista meg til å kontakte han. Han er ein koseleg og jordnær ålesunder med islandske røtter, busett i Bergen. Eg ringde han og fekk kome på besøk til han på Askøy utanfor Bergen kor han og kona Hennie Andersen bur og jobbar med kunsten med mange utstillingar bak seg. Erling vurderte fleire teikningar eg hadde med, og sa at eg måtte reindyrke teikninga. Han sa eg ikkje trengde å vere god på ein heil masse teknikkar, men fokusere på å bli verkeleg god på teikning. Og det var så godt å høyre han seie dette, for eg hadde alltid følt at det ikkje var nok å vere berre ein god teiknar. Så fra den dagen var det som om ei bør var løfta av meg, nokon hadde knekt nøtta for meg. Samstundes så har jo teikninga fått ein ny renessanse dette tiåret!

Hva står øverst på ønskelista di?
Å få vere frisk, og at alle eg er glad i får vere friske. Og å ha nok tid til å teikne.

Har du noen favoritter og inspirasjonskilder du vil dele med oss?
Erling Longva Valtyrson: http://www.valtyrson.com

Arthur Rackham, ein britisk bokillustratør som levde på 1800-tallet, kjend for blant anna å ha illustrert Alice in Wonderland.

James Jean, ein taiwansk-amerikansk billedkunstnar: http://www.jamesjean.com

 


 

Katrin på nett:

Nettside: www.katrinberge.com

Nettbutikk: Katrin Berge Illustrasjon

Facebook: Katrin Berge Artwork

Ida er spontansyer, knappesamler og tekstilentusiast. Hun har over 50 hyllemeter med tekstiler, på et eller svært så velfylt hobbyrom. Ida er utdannet innen sånn derre EDB, og skulle egentlig vært IT-konsulent, men har lagt det på hylla til fordel for symaskin, ambolt og stiftepistol. Hun bruker uforholdsmessig mye tid på loppemarkeder, noe hus og hjem drar stor nytte av (og mannen noen ganger fortviler over).

Be first to comment